Forside

Om oss

Galleri

Historie

Priser

Kontakt

Jølster Hotell AS

Vassenden,
Tlf: 57727300 Fax: 57727570
Mob: 97198484 E-post: post@jolsterhotell.com

Historie

Jølster Hotell, Vassenden

Per Person Vassenden, ”een fattig Huusmand”, stod fram på hausttinget i 1740 og klaga over at han ”af Fattigdom maatte crepere” dersom han skulle ut med den ovstore ”Consumtions-Skatten” av ølsalet, to dalar i året. Øl var turvande, hevda han, ”til den trængende Almue, udmattet på deres reise til Bergen”.

Dette er første gong vi høyrer om gjestgjeveri på Vassenden. Per Person hadde fått løyve til ”et liidet gjestgiverie” i 1725. Etter kvart gjekk det framover. Vassenden, som låg i ruta til ”den trondhjemske postvei”, vart skysstasjon. 

 

 

 

Her var enkelt, men godt stell. I 1872 har ein engelsk turist, Philip Brooks, skrive om opphaldet på Vassenden: ”Stasjonen på Nedre Vassenden var eit enkelt bondehus. Menyen bestod av egg og fisk. Dotter til bonden hadde ein fargerik bunad, men den høge lua dei bruker her; ho bar drakta si utan fakter. Elles fekk vi kvar dag servert sjøar og elvar, stup og skar, fossar og brear og snødekte fjell! Elva ønskjer meg velkomen som ein gammal ven: Songen ho syng, er den same som elvar syng overalt i verda.”

I slutten av 1800-tallet stod det ein ny gjesteheim ved Jølstervatn, ein ruvande bygning i sveitsarstil. Snart kom det godord i reisehandbøkene. Yngvar Nielsen skreiv i 1908: ”Nedre Vassenden, Nielsens Hotel, godt og vakkert beliggende. Fiskeret i vannet og elven.” Ein engelsk turist skreiv: ”Godt hotell, stor salong. Godt, gammaldags, usofistikert norsk pensjonat med umåla rom med trepaneling, reint, ordentleg, ekte, god mat, gjestfridom og varme – og ein herleg etasjeomn!”

 

 

 

 

Vegen langs Jølstervatn var ikkje særleg god. Og vatnet var 20 kilometer langt. Då franskmannen La Tocnaye reiste gjennom Jølster i 1799, var der berre eit tråkk. Men dei hadde teke til å rydde vekk steinar for å få betre veg, ettersom postruta gjekk langs vatnet nordover til Skei, ja, heilt til Trondheim. Så seint som på slutten av 1800-tallet var vegen framleis ein elendig kjerreveg, enkelte stader ikkje meir enn 2,5 m brei. Det hende at vognlass som møttest, skar gjennom vegdekket og velta.

I 1910 tok det framleis tre døgn å reise frå Sogn til Nordfjord. Då bilane tok til å kome, skulle det jo bli ei betring, men der var mykje skepsis. Bøndene sette seg imot fri køyring på vegane. Frå amtsprotokollen siterer vi: ”Veiene er da vel ikke bygget for turister og lystkjørende alene! Også distriktets befolkning synes å burde tas hensyn til. Men før man vinner erfaring og før hestene venner seg til den slags kjøretøier, vil det utvilsomt måtte gå så, at befolkningen må holde sig borte fra veiene med sine hester, om de ikke vil risikere liv og lemmer, når automobil påtreffes.”

Fartsgrensa for bil på flat veg utan kurver var 15 km i timen!

Men også frå turisthald kom der innvendingar mot automobilen. Dr.F.Scarlett skriv i boka ”Turistlandet Norge” (1921): ”Der har vært gjort den innvending mot automobiler at de ville ødelegge romantikken i turisttrafikken, at det ville bli en rastløs jagen uten at man fikk tid til at nyde de maleriske landskaper og scenerier således som på en kjøretur i en vogn eller kjerre. Men det er en feiltagelse. Thi omgivelsene er så storslagne, men ofte ensformige, og når man har sittet i en kjerre i flere dager, kan det bli noget monotont, hvorimot i en automobil glir scenene og prospektene forbi i stadig avveksling som et panorama. Og kommer man til et glanspunkt, kan man jo stanse for at nyde det fullt ut.” Automobilen var komen for å bli.

 

I 1890 vart det halde eit møte der hotellfolk og bygdefolk skipa eit aksjeselskap som skulle drive ei båtrute på Jølstervatn. Nikolai Nielsen på Vassenden og Tollef Skrede på Skei var blant dei som tok initiativet. Aksjekapitalen var på  8900 kroner. Dei kjøpte ein båt i Bergen, som hadde vore brukt i pasasjertrafikk mellom Kaigata og Fløien. Båten fekk namnet ”Skjold”. Han gjekk for eigen maskin til Førde. Derifrå laut han fraktast landevegen til Jølster, og vegen var smal, svingete og bakkete. Maskinen vart teken ut og frakta for seg, men båten var likevel eit sværande lass, det tyngste og største lasset som nokon gong hadde vore frakta frå Førde til Jølster. Ei eiga vogn vart laga, med seks akslingar og om lag 30 cm breie jarnskodde hjul. Fleskesvor vart nytta som hjullager, og så tok dei til å dra – 12 hestar og 60 mann. Det kosta 5 kroner dagen for mann og hest. Det gjekk seint, men siste dagen møtte jølstringane opp. No skulle båten på vatnet! Hundre mann og 12 hestar sleit det siste stykket. Eit fantastisk syn må det ha vore. Alle storma til kaien for å sjå, og gutungane gløymde aldri då dei fekk gå om bord første gongen.

Våren 1891 tok ”Skjold” til å sigle på Jølstervatn mellom Nedre Vassenden og Skei. Båten hadde salong med faste trebenker på kvar side og eit bord i midten. På dekket var det òg sitjeplassar, men desse var ikkje noko for damer i lyse klede. Når dampen fløytte, fekk dei sot utover seg frå skorsteinen. ”Skjold” gjekk på famneved. To timar tok turen, og det gjekk med ein famn bjørk. Båten var temmeleg rank, så mannskapet måtte sjå til at det sat like mykje folk på kvar side.

Mannskapet var på to mann: kombinert kaptein og styrmann og kombinert maskinist og billettseljar. Ein gong heldt båten på å gå rundt. Ein elegant kvinneleg turist miste sin store slørdkte hatt på sjøen i eit vindkast og skreik i. Alle storma til for å sjå kva som skjedde – og dermed la båten seg over. Berre ein rask reaksjon frå styrmannen hindra ei større ulykke.

Turen kosta 50 øre for vaksne og 25 øre for born. Det var først og fremst turistar som reiste med ”Skjold”, og turistane laut betale meir enn ”dei innfødde”. Mange bergensarar grasserte heile ætta si for å finne ut om dei hadde jølsterblod. Men bøndene måtte vike plass for turistane i salongen og ta til takke med maskinrommet når det var fullt av folk.

Når båten nærma seg Skei, fløytte han lenge. Det seiest at folk stilte klokka etter dampen på Jølstervatn; han høyrdes heil til fjells. Ved siste turen var det tid for budeiene å gå til støls. Båten slutta å gå i rute i 1913. Då kom det bilrute mellom Vadheim og Sandane. For ferdafolk var det ei kjækomen avveksling å fare på det fagre Jølstervatn med båt, langs grøne åkrar og enger, med dei snøkledde fjella ikring. Som biskop Neumann ein gong skreiv: ”Jølster med de herlige, vide daler, de lavere og til toppen skovdækkede bjerge. Over alt har jeg ikke hidtil fundet en blidere natur i Bergens stift end Jølsters.”

 

Jølster er målaren Nikolai Astrup sitt rike. Kor ein snur og vender seg, møter blikket ”Astrup-motiv”. Heimen til Nikolai Astrup, eit gammalt pittoresk bygdetun som han skapte for seg og familien sin, er bevart, slik at folk kan kome og sjå. Og no er det ført opp eit eldfast biletgalleri i ein av bygningane, der ei samling Astrupbilete har fått plass.

Sommaren 1923 kom kunstnaren Nikolai Astrup heim att til Jølster med kone og eitt barn etter eit halvt års opphald i Algerie. Då vart dei heidra av bygdefolket her på Vassenden Hotell. Sonen fekk dei under utanlandsopphaldet, i januar 1923, og på grunn av fødestaden fekk han namnet Per Alger. Masse folk var samla ved hotellet, og dåverande redaktør i Gula Tidend, og forfatter, Olav Gullvåg hadde skrive helsingsprologen som vart framsagd ved hotellet. Som eit synleg teikn på at dei sette prid på heimkoma, dekorerte bygdefolket Astrup med blomekrans om halsen. Prologen er på seks vers, og vi tek her med det første og det siste:

”Svola hev kome heim att, lerka tirlar i sky.

Lomen skrik innin vatnig, alt livenar i flæ og fly.

Blomane nikkar i bakkarne, det susar i loden lyng.

Velkomen, Nikolai Astrup, Jølster imot deg syng.

 

 

Prestfoss rynjer i våren, gauken alt sumar spår.

Alle flyttfuglar er komne no, for å syngje um Norges vår.

Velkomen, Nikolai Astrup, av vårgjester kjær og tru –

Ingen song då so skirt og sant um landet og Jølster som du.”

 

Jølster er rik på kultur, folkemusikk og felespel er levande i bygdemiljøet. På Jølstramuseet har familien Fossheim ei samling gamle røykstover med reiskap og inventar frå bygda, eit mangfald av bruks- og pynteting som gjev eit bilete av kvardagslivet i farne tider. Og Sunnfjord Museum ligg ikkje langt unna. Jølster gjer ein seg ikkje ferdig med på ein dag.

Vassenden Hotell, som i 1989 endra namn til Jølster Hotell, har over 250 års tradisjon i turisme. Det blir i dag (1990) drive av Støfring-familien. I 1941 vart hotellet okkupert av tyskarane og ombygd til sjukehus. Vegger vart nedrivne og vedlikehaldet vanrøkta. Etter krigen låg Vassenden Hotell brakk til 1962. Då tok den noverande eigaren til å restaurere huset. I 1964 stod ein ny, moderne sidebygning i betong ferdig. Her er ny matsal og ein bar, ”Stallkroa”, men antikvitetar frå skysstasjonen.

 

Fiske og naturliv er dei viktigaste tilbod for gjestene, med aurefiske i vatn og elvar. Det er sightseeing med motorbåt på vatnet, ein kan leige vass-ski og prøve seg på brettsegling. Hotellet arrangerer også fjellturar og turar til Jostedalsbreen med førar. Om vinteren er her ikkje så mykje trafikk, men bryllaup, gravferder, åremålsdagar og jubileum blir ofte haldne på hotellet. Dei siste åra har dei også arrangert julebord. Ein gammal tradisjon på Vassenden var at dei hadde telefon- og poststasjon attåt skysskiftet. Støfring driv også drosjetrafikk. ”Ein må jo halde på tradisjonen med å skysse folk”, seier han.

Frå hundreårsskiftet og fram til andre verdskrigen var vestlandsfjordane eit turistmål av rang. Ikkje minst Sogn og Fjordane hadde god klang både ute i Europa og i andre verdsdelar. Den storfelte naturen, den friske lufta og det ”uberørte” var nok slikt som drog turistane i første omgang. Seinare vart det moderne og ”fint” å feriere i Sogn, Sunnfjord og Nordfjord. At keisar Wilhelm, dronning Wilhelmina og andre fyrstelege personar kom tilbake år etter år, auka sjølvsagt populariteten.

I mange tilfelle voks dei seinare så verdskjende og moderne turisthotella fram frå ein gammal skysstasjon eller ein landhandel med bryggje. Alle tok til i det små, og mange utvikla seg til hotell av førsteklasses standard. Mykje måtte lærast – språk, finare matlaging, skikk og bruk. Men vertsfolka på hotella hadde tiltak og pågangsmot, og framfor alt hadde dei ein naturleg og verdig veremåte som imponerte gjestene.

 

Hentet fra:

Tradisjonsrike turisthotell i Sogn og Fjordane”, Knagenhjelm, Wibeke, 1990, Samlaget, ISBN: 8252130763

--